top of page

Trivselsgruppa

Trivselsgruppa vart etablert 23.mars 2022. Gruppa har samarbeidsavtale med Seljord kommune og Seljord frivilligsentral, er sjølstyrt og har eigen økonomi. Vi er no 20 medlemmer, alle kvinner, organisert med leiar og tre undergrupper med kvar sin leiar.

​

Formålet er å drive humanitært arbeid, bidra til auka trivsel og motvirke einsemd. Gruppa brukar det meste av kapasiteten på Steinmoen, Nesbukti og Nestunet, men kan også engasjere seg for heimebuande, inkludert omsorgsbustadane. Besøk til enkeltpersonar er aktuelt når vi får kapasitet til det.​

Cashew Plant_edited.png

​Gruppa organiserar sosiale samver med ulike slag underhaldning, allsong og musikk, felles måltid, åresal, rusleturar i nærområdet i sommarhalvåret, også til Grillhytta, og utflukter med buss.

​​

Det blir halde fire medlemsmøte i året der vi planlegg og evaluerar aktiviteten. Leiar på Nesbukti og dei to aktivitetsleiarane deltek når dei kan.

 

Årsmøte vert halde årleg og det vert utarbeidd ein årsrapport.

Ved oppstart fekk gruppa tildelt kr. 200 000,- av kommunen frå statlege prosjektmidlar. Seinare må vi sjølve søke økonomiske tilskot. Eksempel på utgifter er honorar til underhaldarar, servering, gåver og utflukter. Elles er alt vi gjer kostnadsfritt.

 

Frivilligsentralen fører reknskap for gruppa.

​

Gruppa er open for alle, det er ikkje kvalifikasjonskrav. Medlemmane får orientering om teiepliktog skriv under på teieplikta. Vi treng å bli fleire. Kom og bli med! Du får sjølv mykje tilbake frå eit slikt engasjement!

bottom of page