top of page

Dette skjer i veke 42



Her er det som skjer på Frivilligsentralen i veke 42!

Bruktbui er ope tysdag til fredag frå kl. 11 - kl. 16.


Mandag

🧶 Kl 11 Handverkskafé 

Kafeen selg vaffel og kaffe, og me brukar tid saman til å snakke om alt mellom himmel og jord. Dei fleste har med eit slags handarbeid, og fleire er med på å produsere strikkevarer til jolemessa i desember. Her er det absolutt lov å vere nybegynnar! Kom som du er - me har pinnar og garn :-)


Onsdag

🎶👶 Kl 11 til kl 13 Babysong og småbarnstrall 

Babysong og småbarnstrall er for barn 0-5 år. Bli kjent med andre med små barn og lær barnesongar, songleikar og regler. Gratis lunsj, alle er velkomne.


Tilbodet er gratis og ope for alle uavhengig av tru eller livssyn. Arrangementet er eit samarbeid mellom Seljord kyrkje og Seljord Frivilligsentralen, med støtte frå Sparebankstiftelsen DNB og Seljord kommune.


Kontakt: Ingunn Liseter, tlf 976 82 694, ingunn@seljordkyrkje.no


Torsdag

🍽️ kl 13 til kl 15 Torsdagsmiddag

Denne veka er det fiskl! Her kan du eta eit koseleg måltid saman med andre, og det er alltid triveleg prat over borda. Som avslutning på måltidet får du i tillegg ein desserttallerken og kaffe. Fleire kjøper med seg middag heim, til ein pris på 170kr.


🚙 kl 16 til kl 20 Hjulskiftsdager hjå Toyota Seljord

Frivilligsentralen får inntektene for årets hjulskiftsdager! Me håpar veldig på at så mange som mogleg grip sjansen og skiftar dekk hjå Toyota Seljord desse 2 dagane. Ikkje berre gjer du bilen klar for vinteren, du støttar også ei veldig god sak!


🃏 kl 18 Bridgeklubben 

Lyst til å spele kort og vere sosial? Kan du ikkje bridge så lærar du det her! Bridgeklubben har vore aktiv i 75 år, og her er det mange hyggelege folk frå Seljord, Hjartdal, Bø, Kviteseid, Lunde og Notodden. Kom og sjå og lær bridge!!


Fredag

🕺 Kl 11 Gubbeklubben 

Gode samtaler, ei skrøne av og til, løysing av verdensproblemer, og kafeen selg vaflar og kaffe. Kan det bli bedre? Gubbane våre samlast kvar fredag frå kl 11, og det er alltid plass rundt bordet til fleire. Ta på deg fredagsskoa og kom!


Laurdag

🚙 kl 16 til kl 20 Hjulskiftsdager hjå Toyota Seljord

Frivilligsentralen får inntektene for årets hjulskiftsdager! Me håpar veldig på at så mange som mogleg grip sjansen og skiftar dekk hjå Toyota Seljord desse 2 dagane. Ikkje berre gjer du bilen klar for vinteren, du støttar også ei veldig god sak!


Sundag

TV-aksjonen i Seljord! Bøsseberarar går ut frå kl. 13. Ta pent imot dei!

5 visninger

Comments


Siste oppdateringar

bottom of page