top of page

S e l j o r d

F r i v i l l i g s e n t r a l

Ein ideell organisasjon med aktive frivillige og eigne aktivitetar, og i tillegg legg til rette for og støtter opp andre frivillige aktivitetar i Seljord kommune. Sentralen er tilknytt Bruktbui som drivast av frivillige. Til forskjell frå andre frivillige organisasjonar kan det settast av meir tid til organisering og leiing av frivillig arbeid på grunn av den offentlege støtta som Seljord Frivilligsentral får frå både stat og kommune. Dette gjer Frivilligsentralen til eit kraftsenter i lokalmiljøet, og gjer det mogleg å utvikle tilbod basert på lokale ynskjer og behov i samarbeid med lokale frivillige og organisasjonar.

Retningslinjer

20231004_121348.jpg
Rikke ute sentral.jpeg

Formål

Seljord Frivilligsentral vart stifta i 2008 og har dette som formål: Seljord Frivilligsentral skal bidraga til å styrke og koordinere den frivillige innsatsen i Seljord kommune. Den skal vera bindeleddet mellom menneske, lag og organisasjonar som ynskjer å yte ein frivillig ubetalt innsats i lokalsamfunnet. Og vera samhandlingsarena for frivillig verksemd og støttespelar for eit godt og levande lokalmiljø. Den skal ogsåÌŠs stimulere til auka deltaking av grupper og einskildpersonar som ikkje nyttar andre eksisterande tilbod og vera inkluderande for alle. Frivilligsentralen skal vera pådrivar for å sette i gang tiltak for frivillig arbeid, i samhandling med andre lag og offentlege instansar.

Årsmeldingar

Ein samhandlingsarena for frivillig verksemd og

ein støttespelar for gode og levande lokalmiljø

Gratis lokalar for frivillige lag

Lag og organisasjonar i Seljord kommune kan få hjelp av frivilligsentralen til t.d. å skrive søknadar, marknadsføring, og å finne andre lag og organisasjonar som jobber for samme mål/prosjekt.

​

Frivilligsentralens lokalar kan nyttast til å starte nye aktivitetar, ha møter, årsmøter osv. Dette er gratis, berre ta kontakt!

Kontakt oss

414 78 200

Velkommen til Seljord frivilligsentral! (Instagram Post).png

Organisering og eigarskap

Seljord Frivilligsentral er skipa av Seljord Røde Kors

​

Dagleg leiar:
Rikke Christine Roseng

 

I Telegrafen Kafé jobber Heidi Krogsæter

 

Styret 2024-2025:

Styreleiar                                 Tellef Solås (2 år)

Styremedlem                          Kåre Rune Mossing (2 år)

Styremedlem                          Solveig Ester Lia (1 år)

Styremedlem                          Esther Haugan (1 år)

Styremedlem                          Asbjørn Storrusten (1 år)

 

Varamedlem                           Terje Øverland

Varamedlem                           Trond Johnsen

Varamedlem                           Marie Fremmerlid

 

Medlemsgruppe:
Bruktbui
Seljord Røde Kors
Seljord Idrettslag
Seljord Kommune 
Seljord pensjonistlag

 

Rekneskapsførar:
Inger Noraberg, Revisorteam Vest Telemark AS

 

VI TRENGER FLERE FRIVILLIGE

 

Frivilligsentralen er avhengig av frivillige som kan delta i ulike aktiviteter og tiltak som iverksettes i regi av sentralen. For tiden består frivilligkorpset av ca 80 frivillige i alderen 25-86 år.

 

Vil du bidra som frivillig? Vi trenger alltid flere som kan bidra!

Tusen takk for interessen, vi kontakter deg!

Kontakt oss

414 78 200

Untitled design (2).png
Untitled design (2).png

© 2022 Seljord frivilligsentral                                                                                                                                                        Laget med Wix.com

Seljord_Hovedlogo.png
bottom of page